Ny frå topp til tå
Ser du ein gjeng som går i svarte treningskle, er sjansen stor for at dei går på Idrettsfag.
For no har denne spreke gjengen blitt kledde opp i det siste på treningskle-fronten. Onsdag, rett før årets første snøfall, testa elevane om den nye outfiten heldt mål. Og det virka som dei ikkje har kjøpt katta i sekken. I alle fall var det berre smil å sjå på kunstgraset.
God reklame
For skulen sin del er det god marknadsføring at unge, friske og flotte ungdomar susar rundt med skulenamnet både på ryggen og brystkassen når dei trenar og er på turar. Stao no pao!