Ny møteveke med Harald Tjervåg

Vinterferien er over og det er flott å kunne starte opp att ein ny arbeidsbolk med ei møteveke. Ekstra

kjekt er det å ha Harald Tjervåg attende. Han vart vi godt kjent med då han besøkte oss i januar.

Harald Tjervåg er tilbake på Sygna denne veka. Han hadde også møteveke her på Sygna i januar.

Vi spurte tre elevar kva dei set mest pris på med møteveker. Responsen kom kjapt og fortel at

møtevekene er høgdepunkt i skuleåret:

Synne: At vi lærer om det som står i Bibelen på eit djupare nivå. Samstundes som er det fint å få

påfyll av Guds ord, er det også ganske sosialt og eit avbrekk i ein travel kvardag.

Veronika: At det er lågare terskel for å samlast i bøn enn det er elles i kvardagen.

Hanne Louise: Fellesskapet vi får i forkant, under og etter møta med bøn, lovsang, fine taler og gode

samtaler.

Velkommen til møte kvar kveld kl. 20.00 til og med fredag + kl 18.30 laurdag saman med årsmøtet for

Misjonssambandet Sogn

Forrige
Forrige

Ski og skyting på timeplanen

Neste
Neste

6 gode grunner til å velge Sygna