Onsdag er vi tilbake på gult nivå

Det var ei gladmelding frå regjeringa då dei måndag melde at vidaregåande skule kan drive på gult nivå frå onsdag 20. januar (vi driv på raudt nivå til og med tysdag 19. januar). Dette betyr at vi framleis må vere flinke med smittevern - ikkje minst må vi teste oss ved symptom og vere flinke til å halde avstand, men dei strengaste tiltaka vert letta. På gult nivå er det dette som gjeld:

Gult nivå:

Generelt

1. Vask hendene ofte og grundig
2. Hald ein meters avstand til andre når dette er mogeleg
3. Viss du er sjuk, skal du vere heime/på rommet og gi melding til internatleiar

På skulen

1. Det vert ingen fellessamlingar på skulen – m.a. vert det digitale morgonsamlingar i klassane
2. Vask pulten før bruk (du får såpe/vatn av lærar)
3. Hugs å halde ein meters avstand til andre i friminutt
4. Viss du har med mobil, skal den ligge i sekken
5. Utsette flater vert vaska hyppig – jf. smittevernplan frå ISS
6. Det vert sett ut handsprit i stjernehallen, som eit supplement til vanleg handvask.
7. Det skal vere oppdaterte periodeplanar i alle fag for å sikre fagleg framdrift dersom elevar må vere heime i ein kortare periode.
8. Det vert lagt til rette for streaming av undervisninga.

I internatet/fritid

1. Det er lov å besøke andre internat, men hald ein meters avstand – også på elevrom.
2. Det er ikkje anledning til å ta imot overnattingsbesøk utanfrå
3. Hugs ein meters avstand også på fellesareal.
4. Dørhandtak og gelender skal vaskast kvar dag. Rom og bad skal vaskast kvar veke.
5. Ved alle arrangement skal det planleggast for minst ein meters avstand mellom deltakarane.
6. Styrkerommet er ope:

Reglar for bruk av styrkerommet

1. Maks 3 personar kan trene i styrkerommet samtidig
2. Treningstid max. 1 time pr. gang pr. person.
3. Treningstid bookes i eigen perm på treningsrommet m/fullt namn
4. Personar med symptom kan ikkje bruke treningsrommet
5. Personar i risikogruppe må rådføre seg med eigen fastlege om trening i styrkerommet.
6. Alle som nyttar treningsutstyret har sjølvstendig ansvar for å rengjere apparat/utstyr etter bruk. Alle kontaktflater skal reingjerast.
7. Generelle smittevernreglar gjeld
8. Brot på smittevernreglar i styrkerommet kan medføre bortvisning

Matsal

1. Måltida vert utvida tidsmessig for å sikre avstandskravet
2. Vask/sprit hendene før du går inn i matsalen
3. Hald ein meters avstand – både i kø og ved borda
4. Du skal ikkje ha mobiltelefonen framme i matsalen
5. Det vert ikkje servert lunsj – men elevane smør matpakke.

Ved symptom

1. Hald deg heime/på rommet og meld frå til internatleiar viss du hostar, har sår hals, feber, er tungpusta eller har nedsett smak- og luktesans
2. Ein vil då bli testa. Svara vert lagt på helsenorge.no (eller app). Eleven sjølv eller
foreldra må sørge for at ein har tilgang til informasjon på desse sidene.
3. Ein held seg heime/på internatrommet til ein er symptomfri og har fått negativt
resultat på korona-test
4. Ved positiv test overtek helsevesenet ansvaret for det som skjer vidare, men skulen har rom til isolering av ev. korona-sjuk(e) elev(ar). Foreldre må hente ev. sjuke elevar snarast mogeleg. Rom og toalett/bad som den smitta har brukt vert vaska.

Ved brot på smittevernreglane

1. Reglane er laga for at alle skal ha det trygt og godt på skulen og i internata og vi trur alle forstår at ein må følgje desse reglane og retningslinjene.
2. Elevar som ikkje rettar seg etter gjeldande smittevernreglement kan verte bedne om å reise heim/halde seg borte frå skuleområdet. Det vert gjeve varsel og høve tilåtferdsendring før endeleg vedtak vert fatta jf. Skulereglement §1.1 og §2.2.2 og Internatreglementet §1.1 og §2.2.2 m.fl.

Forrige
Forrige

Bygging av buldrevegg!

Neste
Neste

God stemning på ØKO