Pil og boge i undervisinga

BU-klassen har hatt uteskule ei veke. Elevane planla og gjennomførte eit bursdagsselskap tilpassa 9-åringar. I dagane før bursdagsselskapet var det førebuingar, med blant anna sjølvlaga pil og boge og testing av desse. I tillegg spikka dei gode pinnar til grillinga.

Nokre tilsette vart inviterte til bursdagsfeiringa. Dei kom utkledd som 9-åringar til selskapet ute i Hakkespettskogen. Der sette BU-elevane i gang gjemsel, skattejakt, sporløype og skyting med pil og boge. I eit barnebursdagsselskap må det og vere mat, og dei serverte pølser som vi grilla, og banan med sjokolade i som vi varma på bålet. Det var god stemning, og det var tydeleg at dagen var godt planlagt av klassen.

Forrige
Forrige

Tacofest på alle internata!

Neste
Neste

Liv og pannekake-røre på Orrabenken