Plukkar eple til inntekt for misjonsprosjektet

I tre dagar har ein god gjeng med Sygnaelevar vore på epleplukking i hagen til Ciderhuset/Balholm. Sygna samarbeider godt med Balholm og no om hausten er det mange kilo med eple som skal ned frå trea. Då trør arbeidsvillige elevar til og plukkar til inntekt for russen sitt misjonsprosjekt.

Som vanleg steller Ciderhuset godt med elevane våre - som fekk servering i topp-klasse etter endt arbeidsøkt.

Forrige
Forrige

Odin redder dagen!

Neste
Neste

Biologi 2 i fjellheimen