Realfaga på Sygna

På Sygna tilbyr vi elevane på Studiespesialisering alle realfaga matematikk (R1 og R2), fysikk (Fy1 og Fy2), kjemi (Kj1 og Kj2) og biologi (Bi1 og Bi2). Det betyr at elevane kan velje kombinasjonar av faga ut frå  korleis faga er parallellagde på timeplanen og ut frå dei inntakskrava enkelte studiar ved universitet eller høgskule har.

Elevar på Idrettsfag og på Kunst, design og arkitektur kan også velje nokre av desse faga. 

Bileta viser glimt frå ei elevøving kjemi 2-elevane hadde førre veke. Gjennom praktiske øvingar og demonstrasjonar er det ofte lettare å forstå teoripensum. Som de ser av siste bilete er konsentrasjonen på topp når rapporten skal skrivast 😊 

Forrige
Forrige

LAN

Neste
Neste

Endeleg møteveke igjen 😊