Realistisk brannøving

Det var is-kaldt ute. Det var mørkt. Ingen (nesten) visste noko. Brannalarmen går på internat 5. Det går av røyk-bomber på internatet og seks elevar legg seg til rette som markørar på rom og i gangar. Rett på utsida av internatet tek det fyr i eit stort bål.

Årets stor-øving er i gang og både brannvesen, legevakt og vi på Sygna fekk ein skikkeleg gjennomgang av rutinane våre. Veldig nyttig og veldig viktig. Takk til Sogn Brann og redning og legevakt-satelitten i Balestrand for godt samarbeid.

Både legevakt og brannvesen på plass

Det var mørkt, kaldt og is-glatt denne desemberkvelden

Eit stort bål lyser opp ved internat 5

Bebuarane på internatet tek det heile med godt humør

Forrige
Forrige

Juleverkstad

Neste
Neste

Julemarknad i Holmen