Russen gjer seg klar
Det er vår, og snart sprett russen fram i sine raude klede. Men først må desse kleda sjølvsagt klargjerast. Måndag kveld samla russen seg til ei sosial “Vi fiksar russebukse”-samling. Anne B hadde sjølvsagt bakt bollar, strykjerna var varme, musikken var på, og stemninga høg i cafeen på Øko-bygget. No kan russetida snart starte!