Ein sakral torsdagsutflukt

Denne veka var det vanlege Torsdagsmøtet bytta ut med Ung Messe i den vesle stavkyrkja i sentrum.

Trass mørkt og vått vêr fann 71 personar vegen til St Olaf. Temaet var Bøn og “Å bere noko(n) til Jesus”. Dette vart synleggjort gjennom drama ved konfirmantane. Sygnaelevar deltok med flott musikalsk leiing og personlege vitnemål. I tillegg fekk vi dele bøneemne og nattverd.

Takk for ein stemningsfull og oppbyggeleg kveld!

Forrige
Forrige

300.000 kroner til nytt kjøkken

Neste
Neste

Vil gjere noko for andre