Sesongens første skitur
Elevar på breddeidrett på Sygna, kan dette skuleåret velje mellom ulike fordjupingsaktivitetar. Ein av desse er ski. Så var det snøen, då...
Vi måtte eit stykke austover for å finne den, og stogga i Hemsedal. Her fekk vi låne hytte på KRIK Høyfjellssenter (KHS).
Staking
Tysdag kveld testa vi langrennsløypene i Lio. Grunna mildver, var det ikkje lett å få feste under skia. Då må det stakast. Mykje staking og nokre skøytesteg inn i mellom må til for å komme seg opp bakkane. Veldig kjekt og på same tid god trening. Kva passar vel betre etter ei økt på ski enn middag på hytta, god prat rundt bordet og ein quiz i sofaen? Då går tida altfor fort..
Tips og råd
Onsdagen brukte vi i bakkane i Hemsedal. Med Joakim som sjefsinstruktør og Henning som assistent, fekk elevane tips og råd til å få betre kontroll på skikøyringa.
Takk til kjøkkenet på Sygna for god mat på turen, KHS for lån av hytta og til elevane som ville vere med Joakim og Henning på tur :-)