Sjølvtesting mot korona

Fredag starta Sygna for alvor opp med hurtigtesting av elevar og personale. Vi er med i eit prosjekt som alle vidaregåande skular i Vestland har fått tilbod om, der elevane testar seg sjølve med hurtigtest to gonger i veka. Sist veke var lege og sjukepleiar frå legesenteret i Balestrand på Sygna og lærte oss opp - denne veka starta vi altså opp. Du kan lese meir om prosjektet her.

Stine og Elisabeth ser ut til å glede seg til å gjennomføre testen….

Testpinnen er ganske lang, men elevane er kjempetøffe

Emilie viser kva ein gjer med prøvepinnen etter at testen er teken.

Marit Beathe er ei av to på skulen som har ansvaret for å gjennomføre testane og sjekke resultatet.

Asgeir og Ole med tapre smil før testen skal gjennomførast

Personalet, inkludert rektor, er med i prosjektet. Det er vel ikkje noko vakkert syn, kanskje, men resultatet vart bra - ingen positive testar så langt.

Forrige
Forrige

Emelie vert ny idrettsassistent

Neste
Neste

Stresset, rolig, vanskelig, eller...?