Skyting på timeplanen
Har du lyst å satse som skyttar? Då kan Balestrand vere midt i blinken for deg.
Sygna vidaregåande skule har no rydda plass til skyting på timeplanen, og har henta inn lærarkrefter som veit kor kula skal plasserast.
–Motiverande
Anette Thingbø Sundnes har nettopp lagt bak seg ein travel sesong på skytebaner rundt om i landet. I fjor vann ho noregscupen og i år skaut ho seg inn på Kongelaget på Landskyttarstemnet. No har ho også byrja å lære vekk gode tips på skytebana. Ho er inne som lærar i breiddeidrett på den vidaregåande skulen i Balestrand.
– Det er motiverande å jobbe med skyting og elevar på denne måten, seier Anette Thingbø Sundnes.
Gode fasiliteter
Facilitetane for skyting i Balestrand er gode. I Esebotn, vel tre kilometer frå skulen, er det utandørsbane med digitale skiver. I same området ligg også ei heilt ny leirduebane.
For elevar som vel skyting er det også gode tilhøve for å driva på med idretten sin året rundt. I Belehalli, som ligg vel hundre meter frå internata på skulen, er det ei miniatyrbane med heilt nye digitale skiver.
– Nærleiken til anlegga gjer at du enkelt og greitt kan trene mykje. Frå rommet mitt på internatet til skytebana er det to minutt å gå, seier Britt Marit Sætre.
Ho har drive med skyting sidan ho var 12 år i heimeklubben sin i Feios. No har ho også høve til å trena når ho går på skule i Balestrand.
– Det er veldig motiverande, og kjekt å ha skyttarar rundts eg som har og presterer på eit høgt nasjonalt nivå, seier 17-åringen.
Med på laget
Balestrand har lange og rike tradisjonar for skyting. Lars L. Ese d.y. vart skyttarkonge fire gonger, og vert framleis rekna som den største stjerna på skyttarhimmelen. Også sonen fekk oppleva det største ein skyttar i Noreg kan oppnå - på Løvenskioldbanen i Oslo i 1980 vart Lars Hallvard Ese skyttarkonge. I stova i Ese er det altså fem Kongepokalar.
Lars Hallvard Ese er leiar i Balestrand skyttarlag, og skyttarkongen og klubben er klare til å stilla opp dersom elevar vel å satsa på skyting på den vidaregåande skulen i bygda.
– Me vil leggja tilhøva til rette for elevar som ønskjer å skyta medan dei tek utdanninga si her, seier Ese, som er glad for at skulen no vel å satsa på skyting.
– Skyting står sterkt her i regionen, og det er høg aktivitet store delar av året, seier Ese.
Ulike val
Det er fleire vegar du kan velja om du tek med deg geværet og flyttar til midtre Sogn.
- Vel du faget breiddeidrett kan du ha skyting som fordjupingsidrett. Då får du bruke ein del tid på skyting i skuletida gjennom blokkdagar og eigentreningsperiode, fortel Henning Sagevik, idrettslærar ved Sygna vidaregåande skule.
Vidare er det slik at dersom du vel individuell toppidrett med skyting som idrett, vil skulen og skyttarlaget saman med deg som elev leggja eit løp slik at du kan utvikla deg i idretten i løpet av åra på vidaregåande.
- Då får du driva med skyting både i skuletida og på fritida, seier Henning Sagevik. For elevar frå nabokommunar som Leikanger, Vik og Høyanger, kan desse elevane halde fram å skyte for heimeklubben og skulen gjer avtale med den aktuelle klubben. For elevar som flyttar til Balestrand for å gå på Sygna, står den lokale skyttarklubben klar til å ta i mot elevane.
Elevar som vurderer individuell toppidrett, må ta kontakt med skulen i god tid før skulestart.
Breddeidrett og individuell toppidrett kan veljast både frå idrettsfag eller studiespesialiserande-utdanningsprogram.