Sommartreff på Sygna 22. juni - 26. juni

1. Gled deg til ei lita veke på Sygna. Få stader i Norge er like vakre som Balestrand, og må difor opplevast 

2. Gled deg til leikne aktivitetar! Paintball, fotball, bading, vannski, fjellturar og kreativ verkstad er noko av det du kan velje mellom.

3. Gled deg til gode møte, lovsong, fellesskap, undervisning og ikkje minst gode samtalar. 

4. Gled deg til matservering på dagen og grillmat på kvelden. I kiosken finn du brus, chips og masse is. Nam!

5. Gled deg til å få nye vener. Kanskje ein, to eller ti? 

6. Gled deg til å møte alle leiarane som er her for deg. Vi gleder oss meir enn kjempemasse til å treffe deg :-)

Kort info: 
- Leiren er for deg mellom 13 og 16 år (8.klasse til og med 1.VGS) 
- Frå måndag 22. til fredag 26.juni 
- Påmeldinga opnar 1.april 2020 

Følg oss på instagram: @sommertreffsygna 
Elles liker vi om du liker facebooksida vår og inviterer med fleire :-D

Vil du ha meir info? Sjekk ut: 
https://nlm.no/…/n…/arrangementer/sommertreff/sygna/forside/

Forrige
Forrige

Få med deg den sjette og siste andakten i møteveka med Trond

Neste
Neste

Sygna stenger skulen for å redusere vidare spreiing av koronaviruset