Spennande naturfagprosjekt

Elevane i Vg1 held på med individuelle fordjupningsprosjekt i naturfag, og Brynjar (1st), Austéja (1st) og Sindre (1id) har ulike problemstillingar dei vil finne svar på.

Brynjar (1st) vil finne ut om Greta Thunberg har rett i påstandane om drivhuseffekt og global oppvarming. Han valde då å lage ei lita undersøking om CO2 absorberer varme. For å lage CO2 blanda han natron og eddik. Han målte jamleg temperaturen i begge boksane, og kunne etter eit par minutt måle at boksen med karbondioksid var varmast, men temperaturen jamna seg ut etter cirka fem minutt. Brynjar seier at prosjektet hans har nokre feilkjelder han må ta omsyn til, men synest funna var interessante.

Austéja (1st) har som mål å finne ut kor det er mest bakterievekst, anten på jente- eller guttetoalettet på Sygna. Ho tok då prøvar av både do-ring, vask og dørhandtak på begge toaletta. Etter ei vekes godgjering kunne ein både sjå og lukte resultata. Dei var relativt illeluktande og guttedoen kom dårlegast ut av denne undersøkinga. Skjerpings guttar!

 

Sindre (1id) ville teste ut framtidas mat, og hadde fått tak i både sirissmjøl, steikte sirisser med chilismak og steikte melormar. Med desse ingrediensane laga han både lappar/pannekaker og smoothie. Han laga også same rettane utan insekt, og ville med dette teste ut om klassekameratane klarer kjenne forskjellen. (Resultatet av blindtesten var ikkje klart då saka blei publisert.)

Forrige
Forrige

Besøk av Daniel Sæbjørnsen

Neste
Neste

Nattcup i fotball