Startar opp att på raudt nivå
Vi startar opp att som planlagt etter juleferien - på raudt nivå. Internata opnar søndag 2. januar kl. 10.00.
Etter råd frå helsedirektoratet vert det testing av alle elevar og tilsette før oppstart. Testinga foregår i gymsalen:
Søndag 2. januar frå kl. 21.30
Måndag 3. januar frå kl. 08.00
Vi ber alle som er komne tilbake til internata søndag teste seg søndag kveld.
Dersom du har symptom, skal du ikkje kome tilbake før du er symptomfri - eller har teke ein negativ test.
Vi ønskjer elevane våre velkomne tilbake - og trur vi skal få ein trygg og god oppstart!