Sunn og god blokkdag

Blokkdagar kan nyttast til så mangt. Sist onsdag arbeidde 2BU tverrfagleg med Helse, Yrke og Kommunikasjon. I grupper valte dei aktivitetar knytt til ei sjølvvalt målgruppe. Dei laga pedagogiske opplegg og måtte grunngje vala og aktivitetane.

Elevane viste stor kreativitet og fekk utfalde seg i ulike roller og leikar. Under faget Helse valte to av gruppene å lage eit sunt og godt måltid, noko heile klassen fekk glede av på slutten av blokka.

Bilde: Unni                 
Tekst: Magni

Forrige
Forrige

The Gospel i a nutshell

Neste
Neste

Lenket