Sygna framleis på gult nivå

Onsdag 3. februar vart det kjent at det er eit koronautbort i Balestrand. Dette har ført til at nokre har spørsmål om korvidt Sygna er råka - og om det påverkar undervisinga på skulen.

Så langt er det ikkje utbrot på Sygna og vi har ikkje fått råd eller pålegg om å endre tiltaksnivå. Vi held difor fram på gult nivå - og undervisinga går som vanleg.

Det er likevel grunn til å minne om dei generelle smittevernråda - som er viktigare enn nokon gong:

  • Hald minst ein meters avstand til andre

  • Vask hendene grundig og ofte

  • Ver heime/på rommet og ta test dersom du har symptom

Forrige
Forrige

Kjemiske reaksjoner og tidlig helg på 2ST

Neste
Neste

Skitur i nærområdet