Sygna vert ikkje opna att før påske
Vi har venta i det lengste på signal frå regjeringa når det gjeld vidare stenging av skulane, men tok fredag 20. mars ei avgjerd om at Sygna stenger skulen fram til påske. Dette betyr at fjern-/heimeundervisinga held fram. Vi bygger denne avgjersla på fleire faktorar:
- Det er viktig at det vert teke ei avgjersle så tidleg at elevar kan forholde seg til det mtp. reise/bestilling av billettar osb.
- Fleire av våre søsterskular i NLMvgs har allerede teke den same avgjerda
- Fleire fylkeskommunar har på sjølvstendig grunnlag gjort det same (p.t. gjeld ikkje det Vestland fylkeskommune)
- Ei motsett avgjersle - altså å bestemme no at ein skal opne att før påske - er ikkje forsvarleg, slik vi vurderer det. Dette gjeld ikkje minst fordi våre elevar kjem frå mange ulike stader i landet og dei fleste bur i internat på skulen.