Temasamling om SoMe og mobbing

Det er mykje flott med dei ulike sosiale mediene. Samtidig har mange veldig ubehagelege opplevingar knytt til dei ulike plattformane og ungdom er særleg utsette for mobbing og trakassering på sosiale medier.

I forkant av vinterferien fekk vi besøk frå Politiet i Høyanger. Julie og Lasse hadde temasamling for alle elevane og snakka både om kva som er lov - og kva som er ulovleg, kva som er smart - og kva som ikkje er så smart, og ga gode råd til elevane våre.

Lasse og Julie frå Politiet i Høyanger.

Dei tok opp fleire tema:

Kvifor er det mange som ikkje seier ifrå når dei ser mobbing eller trakassering i sosiale medier? Dei gav råd om kjeldekritikk, bildedeling (kva er lov, kva er ikkje lov), korleis ein sjølv bør oppføre seg på sosiale medier, og kva ein bør gjere om ein sjølv vert utsett for krenkingar.

Vi takkar for ei god samling og eit godt samarbeid med Politiet.

Forrige
Forrige

Mona og Solveig vert miljøarbeidarar på Sygna

Neste
Neste

Ønsker velkommen til ny møteuke