Treng ikkje vere flink til å teikne for å gå KDA

Det viktigaste å få fram til dei som tenkjer å gå Kunst, design og arkitektur er at dei ikkje treng å vere flinke til teikne før dei byrjar!

Det seier Mia, Sigurbørg og Charlotte, som brenn for at fleire skal oppdage det fantastiske utdanningsprogrammet Kunst, design og arkitektur. Dei høyrer stadig frå folk at dei “ikkje er flinke å teikne”.

- Eg var heller ikkje flink då eg starta på KDA, seier Charlotte - men poenget er at ein vert flink, fordi vi lærer masse.

Charlotte har lært masse etter ho byrja på KDA

Særleg det første, halve året lærer ein ulike teknikkar som gjer at nivået stig veldig mykje veldig fort.

- Berre det at vi i starten øvde på å teikne ein rett strek utan linjal hjelpte veldig. I tilleg lærer vi korleis vi skal halde blyanten, ulike fargekombinasjonar og ulike teknikkar, seier Sigurdbjørg.

Mia er heilt enig:

- Dersom folk ser på eit ferdig resultat av ein Vg3-elev, så trur ein kanskje at ein må vere kjempeflink for å byrje, men heile poenget er at vi øver på å sjå proposjonar og strukturar - i tillegg til at vi lærer teknikkar. Når vi står fast får vi hjelp frå Giuseppe (faglærar) - han hjelper oss å sjå løysingar. Det kjekke er at når vi jobbar med eit prosjekt no, så treng vi mindre hjelp enn vi gjorde for eitt eller to år sidan, fordi vi har øvd på å sjå på løysingar. Det er kjempespennande!

Sigurbjörg og Mia likar at ein får jobbe kreativt med prosjekt - heilt frå teikning til ferdig resultat.

Dersom ein ikkje treng å vere flink til å teikne, kva typar folk synest de burde søke KDA?

- Ein må vere interessert i å jobbe med hendene. Og det hjelper veldig å vere litt kreativ. Vi jobbar mykje med prosjekt, der vi får ei oppgåve som ofte krev fleire timar å løyse, så bør kunne klare å jobbe lenge med ei oppgåve - og ikkje gi opp dersom ein støyter på problem undervegs.






Forrige
Forrige

Soveposenes mester

Neste
Neste

Bygging av buldrevegg!