Velkommen til hospitering

Kjære hospitant

No nærmar det seg at du kjem på besøk til Sygna. Vi gleder oss! Det kjem over 100 hospitantar, så dette trur vi vert veldig kjekt!

Både du som skal bu på skulen og du som skal bu heime er velkommen til å delta på alt som skjer på Sygna desse dagane.

For dykk som kjem søndag med buss frå Sogndal 17.35 eller Førde kl. 18.15: Vi hentar dykk på kaien i Balestrand (Holmen). De rekk å ete kveldsmat på Sygna.

For dykk som kjem søndag med buss frå Danielsen ungdomsskole Frekhaug: bussen køyrer heilt opp til skulen – og de rekk kveldsmaten på Sygna.

For dykk som kjem søndag med båten frå Bergen kl. 20.30: Vi hentar dykk på kaien i Balestrand (Holmen). De rekk ikkje å ete kveldsmat på Sygna, men vi set ut frukt og bollar til dykk.

Sjølve programmet startar søndag kveld kl. 20.45 (vi startar når dei som kjem med båten frå Bergen er komne) med «Grand Opening». Då håpar vi at du som bur i Balestrand også vert med.

Det er mange som skal overnatte frå søndag til tysdag. Alle skal få ei seng eller ei madrass å sove på, men det er viktig at du tek med deg handklede, laken, sovepose og putevar sjølv. Du som skal hospitere på idrett må også ta med gymklær.

Hospiteringa er gratis (du betalar berre transporten sjølv), men det kan vere lurt å ta med litt lommepengar.

Du får ein fadder som har eit ekstra ansvar for deg desse dagane. Ho eller han kjem til å sende deg ei melding i forkant av hospiteringa.

Velkommen til Sygna!


Program

Søndag 22. oktober
Frå kl. 17.00:     Innkvartering
Frå kl. 18.45:     Kveldsmat
Kl. 20.45:           Grand opening i møtesalen
Kl. 22.30:           Innetid

 

Måndag 23. oktober
Frå Kl. 07.40:     Frokost
Kl. 08.25:            Skule (sjå eigen plan)
Kl. 14.50:            Middag

Kl. 17.00:            Du kan velje mellom: Capture the Flag (Belehalli), Klatring i buldrevegg (gymsalen), Zumba (gymsalen), Fotball (bana), Ulike spel (peisestova), Formgjeving (klasserom)

Kl. 18.45:            Kveldsmat

Kl. 20.00:            Crazy Games i gymsalen

Kl. 22.30:            Innetid

 

Tysdag  24. oktober      
Frå Kl. 07.40:     Frokost
Kl. 08.25:           Skule (sjå eigen plan)
Kl. 14.50:            Middag

God tur heim

Aktivitetane om ettermiddagen er sjølvsagt frivillige, men vi håpar du har lyst til å bli med og få ein smak av korleis det er å gå på ein internatskule. Alle hospitantane, også heimebuarar, er velkomne til å delta på alt av program og måltid desse dagane.

Forrige
Forrige

En aktiv lørdagskveld

Neste
Neste

Akvarell - ein litt vanskeleg teknikk