Vg1 startar laurdag - Vg2 og Vg3 startar søndag

I år vert innkvarteringa av elevar delt på to dagar. Dette for å sikre at vi klarer å halde korona-reglane i samband med at elevane kjem tilbake. Difor vert det innkvartering av Vg1-elevane laurdag 15. august, medan Vg2- og Vg3-elevane ikkje kan komme til Sygna før søndag 16. august. Det vert heller ikkje opningsfest i Belehalli laurdag - men ulike aktivitetar for elevane i Vg1 i litt mindre grupper.


No gledar vi oss veldig til å starte opp eit nytt skuleår. Vi håpar elevane gledar seg og – sjølv om dei kanskje er litt spente? Viss du har sommarfuglar i magen, så er det heilt normalt!

Vg1-elevane kjem laurdag 15. august som planlagt. Det vert innkvartering i tidsrommet 10.00 – 15.00. Vi vel å ikkje ha opningsfest i Belehalli, men erstatte denne med ulike aktivitetar. Det betyr at det ikkje vert ei samling med både elevar og foreldre. Klassane møter kontaktlæraren sin kl. 15.00. På denne samlinga får Vg1-elevane mykje nyttig og viktig informasjon. Dei vil og møte personalet på området heile dagen – m.a. tek rektor og rådgjevar imot elevane når dei kjem til skulebygget for innkvartering.

For heimebuarar betyr det at dei ikkje treng å møte før samlinga med kontaktlærar. Dei er likevel velkommen til å kome før på dagen – og vi oppfordrar heimebuarane til å vere med på aktivitetane utover ettermiddagen og kvelden.

Søndag 16. juni kl. 13.45 er det avreise til Lyngmo (samanristingstur) for alle Vg1-elevane.

 

Vg2- og Vg3-elevane kjem søndag 16. august. Det vert innkvartering i tidsrommet 12.00 – 15.00. Det vert ikkje innkvartering for Vg2 og Vg3 på laurdag.

Dette betyr at heime-/hybelbuarar i Vg2 og Vg3 ikkje treng å møte på Sygna før måndag 17. august:

Måndag 17. august møter Vg2 kl. 08.30 i gymsalen.  Vg3 møter kl. 09.00 i møtesalen på øko (fellesbygg som ligg over skulebygget). Vg2 og Vg3 skal vere utandørs mesteparten av dagen, så dei må kle seg etter været.  

Skulen set i verk ulike tiltak for å sikre at både oppstarten og skulekvardagen vidare skal skje på ein trygg og sikker måte. Samtidig er dette noko vi må stå saman om. Difor har vi laga ein «Koronaplakat» med nokre enkle reglar som vi ber elevane følgje.

Det er laga ein tilsvarande plakat for personalet, som har nokre fleire punkt.

Allereie no minner vi om at elevar som kjenner på litt sjukdom før avreise til Sygna må vente med å kome til ein er heilt frisk.

Så ønskjer vi alle saman hjarteleg velkomne til Sygna. Her på skulen brukar vi no tida fram til opninga til førebuingar – og vi gledar oss veldig til å ta imot alle elevane, enten ein er heilt ny på Sygna, eller ein har gått her eitt eller to år tidlegare.

Forrige
Forrige

Et blinkskudd av en ansettelse

Neste
Neste

Sygna søkjer ny rektor