11. mai arrangerer russen misjonsløp! (UTSETT)

Oppdatering 8. mai: På grunn av gjenopninga av skulen frå 13. mai vert misjonsløpet utsett. Meir informasjon kjem.

Kvart år arrangerer sygnarussen misjonsløp til inntekt for russen sitt misjonsprosjekt. I år går pengane til NLM sitt bistandsarbeid i Mongolia. Dette arbeidet går ut på å sikre barn med funksjonsnedsetting sine rettar, jobbe mot stigmatisering og for meir openheit og toleranse i det mongolske samfunnet for dei som er fødde litt annleis. Pengane går til leger, utstyr, og andre ting som direkte skal hjelpe barna. Her kan du lese meir om prosjektet

Grunna den spesielle situasjonen vi er i, vert det vanskeleg å gjennomføre misjonsløpet som vanleg. Men det betyr ikkje at det vert avlyst!

11. mai vert det arrangert misjonsløp! Mange elevar og lærarar skal springe der dei er og dei treng sponsorar for å samle inn pengar. Ein skal springe i 90 minutt, der rundane er 350 meter lange. 

Ønskjer du å sponse nokon, men veit ikkje kven? Fortvil ikkje! Send ei melding til Karen Emilie Jonasmo (96505423), som er misjonsprosjektansvarleg saman med André Høberg, så sender ho deg linken til ein heilt tilfeldig elev eller lærar. Det einaste du treng å gjere er å trykke deg innpå lenka, oppgi fast eller runde-beløp, og så får du ei melding om kva du skal betale etter at løpet er ferdig!

Russen har i tillegg eit vippsnummer (538549) der du kan vippse ein sum som ikkje vert rekna med på sjølve misjonsløpet, men du er likevel med på å støtte misjonsprosjektet deira!

Her kan du lese meir om NLM sitt prosjekt i Mongolia

Forrige
Forrige

Velkommen tilbake til Sygna!

Neste
Neste

Bli kjent med ein tidligare sygnaelev kvar dag!