Bli kjent med ein tidligare sygnaelev kvar dag!

Rikard Tetlie Bekkvik - Idrettsfag

Tida mi på Sygna var utfordrande på mange områder. Eg måtte ta meg saman og bli voksen når mor og far ikkje var der. Samtidig var det veldig trygge rammar og bli meir voksen. Med gode lærarar og miljøarbeiderar gjekk det veldig bra.

Kva gjer du i år?

Eg går eigentleg på Helgeland Folkehøgskole, men pga. covid-19 så er eg heime og jobbar på ein gamleheim. Eg trivst veldig godt med det, men det skal bli godt og kome til Sygna igjen og jobbe som idrettsassistent. 

Kvifor valde du idrettsfag?

Eg valde idrettsfag av den enkle grunn at eg liker å vere i aktivitet. Dei kunne tilby toppidrett fotball noko som var veldig attraktivt for meg. Eg visste lite om Sygna, og først trudde eg at Sygna låg ved Oppland, men da eg kom ned hit viste det seg at Sygna hadde veldig fet natur. På idrettsfag nytta vi oss meir av den nydelige naturen enn dei andre linjene. 

Har du nokon oppmodingar til framtidige sygnaelevar?

Om du er ein framtidig sygnaelev så anbefaler eg deg å bare hoppe i det! Eg skal vere der, så det kjem til å bli nice!


Johanna Kristoffersen - Påbygg

Korleis var tida på Sygna?

Tida på Sygna var minnerik, lærerik, utfordrande og gøy!

Kva gjer du no?

Nå studerer eg 2. året barnehagelærar med vekt på musikk, drama, kunst og handverk i Trondheim.

Kvifor valde du Sygna?

Eg valde å gå på Sygna fordi eg ønsket å få kompetanse til å studere vidare. Sygna vart eit naturleg val ettersom ei av mine søstre gjekk påbygg der to år tidligare. Eg besøkte henne, og opplevde internatskolen som heilt fantastisk!

Har du nokon oppmodingar til framtidige sygnaelevar?

  • Nyt utsikta frå matsalen, gå turar i den nydelege naturen og ta turen på torsdagsmøta!

  • Ver deg sjølv og vær med på sosiale happenings! Det er mykje gøy som skjer, og ein viktig muligheit for å vert kjent med andre.

  • Ta vare på dei vennskapa du får, og ver open for å la andre få plass i gjengen også!



Haakon Bleka - Studiespesialiserande

Eg hadde det sjukt kjekt på Sygna! Førsteklasse huskar eg ikkje så mykje av anna enn at det var kjekt. Eg hadde kjekke venar rundt meg, både på trinnet mitt og over meg, som gjorde kvardagen gøy og spennande. Ingen dag var den same. Frå vaffelsteiking klokka 03:30 på nabointernatet, spontanbadeturar i fjorden til torsdagsmøte og lange gode samtalar etter middag.

Eg satt ein del med skole i løpet av dei to åra (vi ser bort frå førsteklasse her) og det vil eg sei var nødvendig. Eg gjekk studiespesialiserande med realfag og nå er eg glad eg prioriterte skole.

Kva gjer du no?

Nå i haust begynte eg på lektor i realfag for å bli lærar i kjemi og matte. Hovudfaget mitt er kjemi ettersom eg hadde ein fantastisk kjemilærar på Sygna som gjorde det til det kjekkaste faget utan tvil. (Tusen takk, Bjørg!) Eg trives veldig godt både på studiet og her i Oslo. Så langt vil eg anbefala det å bli lærar på det sterkaste (ikkje at eg har så mykje erfaring da). Plutseleg ende eg opp som lærar på Sygna etter fem år på UiO.

Kvifor valde du studiespesialiserande?

Det var i hovudsak pga. realfag. Eg skulle bli hydrolog og viss ikkje tenkte eg det var nice med alle moglegheiter opne. Eg har aldri angra på at eg verken starta på Sygna eller studiespesialiserande. Eg vil påstå at etter valet om å tru på Jesus, er det å starte på Sygna et av dei beste vala eg har tatt!

Har du nokon oppmodingar til framtidige sygnaelevar?

  • Ta livet med ro, nyt dagane i Balestrand (du finn få plassar som er like nydelige) og på internatet. Før du anar tar det slutt.

  • Bruk tid på å være sosial for du får så mykje igjen for det! Ikkje bare snakk med dei på ditt eiget trinn, men også med dei på dei andre trinna!

  • Bli venn med personalet! Dei er heilt fantastiske menneske. (ikkje minst kjøkkenpersonalet)

  • Når tida kjem og du er ferdig på Sygna. Ta deg eit friår. Helst to. Enten på bibelskole eller folkehøgskole! 

Susanna Gundersen - Helse og oppvekst

Korleis var tida på Sygna?

Vale om å flytte langt heimefrå for å gå tre år på Sygna, har betydd mykje for meg! Det var ein myk overgang frå å bo heime til å bli meir sjølvstendig. Dette er åra der skule har vore kjekkare enn å vere heime i feriane, og det sei litt om kor godt eg treivst.  Internatlivet er noko som verkeleg må opplevast, og det er ein unik mogelegheit for å skape gode vennskap og kjekke minne. 

Kva gjer du no?

I haust starta eg på sykepleiarutdanninga i Trondheim, og trivst veldig godt med det!

Kvifor valde du helse og oppvekst på Sygna?

Det som var avgjerande for at det vart Sygna var nettopp det at dei hadde denne linja. Her var det fag som interesserte meg og eg fekk erfaring gjennom praksis på ulike arenaer – noko som gjorde meg meir sikker i valet av vidare studie!

Har du nokon oppmodingar til framtidige Sygnaelevar?

-       Hausten: Ver med på det som skjer og ver open for nye vennskap med ungdommar frå heile landet! 

-       Vinteren: Skaff deg eit akebrett og peis ned heile Sygnabakken

-       Våren: Kjøp deg ein is, ta eit forfriskande bad i fjorden, padle kajakk og chill på stranda i lagunen.

-       Sommaren: Lad opp og gled deg til eit nytt og spennande år!

Ellers vil eg oppmodna til å nyte tida, ha det kjekt, men også sette av tid til å jobbe med skule. 

Lene Wigestrand Tjemsland – Kunst, design og arkitektur 

Korleis var tida på Sygna?

Det var som ein vestlandsdraum. Man gjekk på nydelege turar i fjella, padla kajakk ut på fjorden og fekk halde på med kunst i fleire timar til uka. Det var bare ein heilt fantastisk tid! Å vakne opp til ein heilt fantastisk utsikt, men ikkje minst alle dei fasilitetane som Sygna hadde så lett tilgjengeleg, var noko av det som gjorde tida på Sygna så vanvitig bra. Kano, gode lærarar, kajakk, kiosk, turstiar, lovsangsteam, gapahuk, kunstrom, gymsal, treningsrom, kino, spill, lek og bare mange kjekke arrangement.  Det var alltid noko å finne på  og alltid nokon å henge med. Men ikkje minst det gode kristne miljøet som gjorde det så trykt og akseptabelt å vere akkurat slik som ein er. Det var rett og slett ein lek å jobbe med skule når ein hadde eit så fint miljø som det er på Sygna. 

Kva gjer du no?

I år tar eg eit årsstudium i filosofi og historie ved Kulturakademiet i Roma.

Kvifor valde du KDA?

Eg valde KDA av mange grunnar. Det fyrste var at det var ein italiensk kunstnar som var lærar på linja, men også fordi eg kom til å kome ut av vgs med tre år fult av kunst (noko eg digge), men også generell studiekompetanse. Eg ønska å kunne ta eit avbrekk i skulekvardagen og halde på med noko av det eg likte å halde på med. Det eg så for meg var at det skulle vere både praktisk og kjekt, noko som det verkeleg var. 

Har du nokon oppmodingar til framtidige Sygnaelevar?

Ikkje la kreativiteten stoppe dykk! Bruk det Balestrand og Sygna har å by på, og ikkje bare sitt inne på rommet. 

Aurora Li Farestveit - Helsefagarbeider

Korleis har Sygna vore så langt?

Det har vore nokon flotte år så langt! Det er ein del skule, men det har gått fort og eg har blitt kjent med mange herlige folk. Du får venar for livet her!

 

Korleis er det å gå HA?

Eg er veldig heldig som får gå helsefagarbeidar på Sygna! Det er ein helt ny linje, så det er nytt både for elevane og lærarane, men det går veldig bra.

Vi har to flinke lærarar som har lært oss mykje om korleis det er å jobbe som helsefagarbeidar!

 

Kan du nemne noko dykk har lært så langt?

Noko av det vi har lært er korleis ein skal ta vare på pasientar og brukarar, og om forskjellige prosedyrar. Det er veldig spennande og lærerikt. 

I løpet av ei veke har vi både praktiske og teoretiske fag

 

Kvifor vil du anbefale Sygna?

Sygna er ein heilt spesiell skule. Ein høyrer gjerne folk som sei at internatskolelivet er bra, men det er først når ein opplever det sjølv, at man ser kor bra det faktisk er!

Du får vener for livet og du kan henge med dei når som helst! 

I tillegg kan Sygna og Balestrand by på fantastisk natur, med turstiar bare eit steinkast unna internata. 

Eg er ekstremt glad i å bade året rundt, og da passer det godt at Balestrand har ein flott badelagune!

Forrige
Forrige

11. mai arrangerer russen misjonsløp! (UTSETT)

Neste
Neste

Vår nye ungdomsleiar til hausten - Martin Holskar!