Vår nye ungdomsleiar til hausten - Martin Holskar!
Til hausten er vi så heldig å få Martin Holskar som vår nye ungdomsleiar! Dette ser vi veldig fram til og gler oss til at han kjem til bygda.
Åra før Sygna:
I år avtener eg verneplikta mi som feltprest i Forsvaret. Arbeidskvardagen før koronaviruset bestod av gudstenester, samtalar med soldatar og å halde undervising om blant anna etikk. Før året i Forsvaret tok eg ein mastergrad i teologi og misjon på Fjellhaug i Oslo.
Kva eg ser fram til:
Det eg gleder meg mest til på Sygna er å bli kjend med elevane. Viss dei er like bra som andre ungdomar er det lite som er så bra som å leve litt av livet saman med dei. Og eg tipper det er lite å utsette på Sygna-folk.
I tillegg går det gjetord om kor fint det er i Balestrand. For ein telemarking som meg blir det spennande å oppleve den sida av landet.
Korleis eg trur det blir å jobbe på Sygna:
Det er vanskeleg å sjå for seg korleis jobben kjem til å bli. Til å byrje med kjem det nok til å vere mange gode utfordringar og varierte arbeidsoppgåver. Uansett trur eg at eg kjem til å lære enormt mykje av både kollegaer og ungdommane.
Eg har høyrt at skuleområdet er ein einaste stor bakke. Dei fyrste vekene kjem nok oppoverbakkane til å vere det minst motiverande med jobben. Det mest motiverande kjem forhåpentleg vis til å vere at vi kan samlast utan å ta for mange smittevernhensyn. Det blir ei glede!
Funfact:
Til saman har eg tilbragt åtte år av livet mitt i ulike internat-miljø. Det er berre starten.