Neste års miljøarbeidarar - Kristine Friborg og Janne Nygård!
Til hausten får vi eit heilt nytt miljøteam og vi vil no presentere dei to miljøarbeidarane: Kristine Friborg og Janne Nygård! Begge har gått på Sygna tidlegare og vi er utruleg heldige som får dei tilbake eitt år til.
Om eg glede meg? Absolutt! Sjølv hadde eg tre år på Sygna og det har betydd veldig mykje. Eg ser veldig fram til å henge i dei samme gangane, blant både kjente og nye folk og lærarar. Eg ser også fram til å kome tilbake til den vakre naturen i Balestrand, og gå på fjelltur, topptur, gåtur og padle kajakk!
Den største drivkraften til å bli miljøarbeider er å få vere eit kristent førebilete, noko eg ser veldig stort på. Eg håper på gode samtaler, inspirerande torsdagsmøter, god lovsang, bibelgrupper og anna snacks!
Ikkje minst er eg heldig som skal jobbe med Janne som eg no går på Fjellheim bibelskule med. Det er ei kjekk jente som vil lage mykje god stemning! Håper og trur at det blir eit bra år.
Funfact om meg sjølv: Eg er femmenning med pappa
Eg heiter Janne Nygård, og gjekk sjølv påbygg på Sygna skuleåret 18/19. Etter to år med pendling og lange dagar var det fint å komme til Sygna der rommet mitt, fellesareal, skulebygg og venner var samla på ein plass. Eg storkoste meg i det kristne og sosiale fellesskapet på Sygna og sit att med mange gode venskap og minner, og litt kunnskap :) I år går eg på Fjellheim bibelskule i Tromsø, og tykkjer eg er heldig som kan bruke eit heilt år med fokus på bibelen og opplevingar i vakre Nord-Norge.
Allereie då eg reiste frå Sygna kjende eg at året hadde gitt meg veldig mykje og at eg ville tilbake til skulen og folka i Balestrand. Til hausten er eg så heldig å få vere miljøarbeidar på Sygna saman med den fantastiske partneren min, Kristine Friborg. Det blir veldig spennande å komme tilbake til ein kjend plass, men i ei ny rolle. Eg ser fram til å vere ein del av det flotte personalet, men gler meg mest til å bli kjend med dei nye elevane og treffe att kullet eg sjølv var russen til. Eg ynskjer at alle elvane på Sygna skal få vere seg sjølv, kjenne at dei har ein plass i miljøet og at eg som miljøarbeidar bryr meg om korleis dei har det. Snakkast på Sygna til hausten!
Funfact om meg sjølv: Då eg var i Afrika for nokre veker sidan, ville ein nordafrikanar kjøpe meg for 20 kamelar :)