Til deg som hadde tenkt deg på Bli kjent-helg

Kjære søkar
Denne helga ville vi gjerne invitert deg til Bli kjent-helg på Sygna for at du skulle få oppleve litt av Sygna-livet. Då skulle du fått treft alle dei supre elevane våre, dei flotte tilsette, lærarane som du skal ha til hausten og noko av alt det kjekke som skjer på Sygna i fritida.

Sygna er nemleg mykje meir enn ein skule. Her skjer det noko både om ettermiddagen og i helgane. Vanlegvis er det mange elevar på internata i helgane, noko som gjer at det skjer mange ulike aktivitetar både på internata, i fellesbygget, i gymsalen, på fotballbana og elles på området. Elevar som bur heime er alltid velkomne på alt som skjer på skulen – og mange frå Balestrand er med. Dette gjer at det er masse liv og røre her på Sygna heile veka.

Balestrand er ingen stor plass, men det går båt til og frå Bergen kvar dag, bussar både aust-, nord-, og sørover og det er to flyplassar ca ein time frå Balestrand. Vi har og organisert skuledagen slik at fredag før haust-, jule-, vinter-, og påskeferie har elevane ikkje undervising og kan bruke til reisedag.

Vi håpar du har lyst til å takke ja til plassen på Sygna og prøve ut Sygna-livet, både på skulen og i fritida.

Viss du har spørsmål – ta kontakt:
e-post: sygna@sygna.vgs.no

Telefon: 57 69 45 00

I år måtte vi avlyse Bli kjent-helga, men her kan du møte nokre av dei kjekke elevane og lærarane på skulen.

Forrige
Forrige

Neste års miljøarbeidarar - Kristine Friborg og Janne Nygård!

Neste
Neste

Idrettsassistenten kjedar seg utan elevar - sjå kva ho finn på då