Aldri for mykje jul

Denne helga har det vært jul på Sygna! På lørdag ettermiddag blei det arrangert juleverkstad i matsalen, og elevane strøymde til for å lage julekort, julepynt og pynte pepperkaker. Det var godt oppmøte og elevane koste seg.

Då kvelden kom kunne alle med god samvit setje seg ned for å sjå på julefilm. Det var fyr på ovnen, og med gløgg, pepperkaker og mandariner på menyen blei det ein behagelig kveld.

Som avslutning på helga vart det stelt i stand julecafe på sundag kveld. Møtesalen blei pynta med lys, og brownies og is blei servert, i tillegg til endå meir gløgg, pepperkaker og mandariner. I løpet av kvelden blei det vist julekalender, lekt pakkelek, og sist men ikkje minst fekk me sang av NIls Ola Standal.

Forrige
Forrige

Den største gleda

Neste
Neste

Inviterer til et annerledes torsdagsmøte