Den største gleda

Resepsjonen er på mange måtar hjartet på Sygna. Her er både elevar og personale innom for råd og hjelp samt ein venskapeleg prat med kontorsekretæren. Møyfrid tek seg tid og har eit smil og eit godt ord til alle. I tillegg står det ofte ein liten godbit i luka, i form av småkaker, tvist eller anna “godis”. Møyfrid elskar nemleg å dele. Ho ser dei rundt seg og ynskjer å gjere kvardagen deira betre.

I fjor organiserte ho adventskalendar til alle i personalet. I vår laga ho avskjedsgåver til alle avgangselevane. No tek ho det endå eit steg opp med adventskalendar for heile elevflokken.

“Det er så lite som skal til”, svarar ho, når eg spør kvifor ho gjer dette. “Det er så mørkt i desember og elevane stressar med mange prøvar.” Kvar dag vert dei heldige “vinnarane” annonserte på facebook og infoskjermar på skulen. Det er gjennomsnitleg ti kvar dag, og dei blir trekt ut i tilfeldig rekkefølge. Og er dei så uheldige å vere borte på dagen, kan dei kome innom resepsjonen og hente gåva seinare. På denne måten vert både elevane og Møyfrid glad. For ho lever etter mottoet: “Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad.”

Forrige
Forrige

Startar opp sommarleir

Neste
Neste

Aldri for mykje jul