Besøk frå NLA Høgskolen


Vg3 har hatt besøk av Runar Eikhaug frå NLA Høgskolen. Gjennom leik og moro fokuserte han på nytten av god samhandling prega av delingskultur i elev-/studentkvardagen og i arbeidslivet.

Då elevane parvis skulle samle legobrikkar var resultatet magert – berre to poeng, men då gruppa fungerte som eitt lag samla dei inn heile 192 poeng.

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more

Runar delte også bekymring over at vi ofte er så redde for å mislukkast. Vi må minne kvarandre på at første steg i læring ofte er feiling. Den kjente oppfinnaren Edison uttrykte dette tydeleg då han etter tusenvis av forsøk endeleg klarte å lage glødelampa, sa at han hadde gjort 3000 vellukka forsøk på korleis ein ikkje lager glødelampe.

Avslutningsvis viste Runar til det presset ungdom i dag lever under og siterte nokre oppmuntrande ord frå Bibelen: «Vær ikke bekymret». La ikkje presset utafrå kvele livsgleda!

Etter 40 effektive minutt fekk Runar med seg ein spontan applaus på ferda vidare.

Takk for besøket!

Forrige
Forrige

Vi gjennomfører Elevundersøkinga 8. november

Neste
Neste

Velkommen til møteveke med Anette Fredly