Vi gjennomfører Elevundersøkinga 8. november
Kva er formålet med Elevundersøkinga?
Elevundersøkinga gir deg høve til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skolen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skolen, skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skole- og læringsmiljøet til elevane. Resultat frå undersøkinga kan også bli brukt til forsking, statistikk og lagring i arkiv.
Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå Elevundersøkinga på www.udir.no.
Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga. Du kan også hoppe over spørsmål du ikkje ønskjer å svare på.
Meir informasjon til elevane som skal gjennomføre Elevundersøkinga