Volleyball-weekend

I helga var det treningskampar for laga som skal delta i kvalik til NM i volleyball for VGS seinare denne veka. Sygna stiller med to MIX-lag til turneringa, som dette året vert arrangert i Dale.

Personallaget måtte ha litt forsterkingar denne gongen for å kunne stille lag, så ein ekstra takk til Ahmad og Martin!

Det vart tette og jamne kampar, gode prestasjonar frå alle laga og mykje god stemning. Vi ynskjer Sygna Vindreken og Sygna Keipen lukke til i turneringa.

Forrige
Forrige

Gir en arbeidsdag for å hjelpe andre

Neste
Neste

Vi gjennomfører Elevundersøkinga 8. november