Bibel i kvardagen
I tillegg starta miljøteamet forrige skuleår opp med “Ti på ti”, der dei som vil møtest til ei kort og uformell samling om søndagskveldane. Her er det rom for å dele bibelvers og eigne tankar.
Frå januar 2020 toppar miljøteamet dette med felles bibellesing i Kafeen kvar måndag kl 16. Her kan du kome, med eller utan bibel, og lese eller berre lytte. Samlingane tek ca 20 minutt og dei frammøtte les rundt fire kapittel kvar gong. No er dei godt i gang med Markusevangeliet, men her er det berre å slenge seg med. Velkommen til felles bibellesing!