Hjernetrim i Escape room

Denne helga kunne dei modigaste og smartaste utfalde dei små grå med å løyse gåter under tidspress. Det er første gong vi avviklar Escape room på Sygna og mange syntest nok det var vanskeleg, men trass utfordringane med å bli ferdige i tide, koste dei fleste seg.

På førehand var det laga til to ulike rom med spor til kvart sitt oppdrag. Opplegget er basert på eit brettspel med same namn. Sju lag deltok. Kvart lag fekk 1 time i eitt av romma til å løyse sitt tildelte oppdrag. Til slutt stod vi att med to vinnarlag, eitt for kvart rom/oppdrag.

Vi har dessverre ikkje bilde av vinnarlaga, men som i livet elles, handlar det ikkje berre om å vinne, men mest om å delta! Takk for super innsats!

Forrige
Forrige

Bibel i kvardagen

Neste
Neste

KDA lagar utstilling om klima og miljø