Bibelgruppe er lærerikt og sosialt

Annankvar veke samlast ca. 80 elevar rundt om hjå personalet til bibelgrupper. Gruppene består av omlag 8-10 elevar og 1-2 tilsette.  For ein del elevar er dette ei heilt ny oppleving, medan andre har delteke i bibelgrupper på heimplassen eller tidlegare år på Sygna.

Opplegga varierer, men hovudinnhaldet desse kveldane er å lese i bibelen, samtale kring kristne tema og kose oss saman med noko godt å bite i. Første bibelgruppesamling måtte av koronaomsyn vente heilt til tysdag denne veka, men den som venter på noko godt venter ikkje forgjeves, - og nå er vi gang.

På spørsmål om korleis elevane opplevde første samlinga var dette nokre av svara:

-          Veldig kjekt å bli kjent med andre på ein annan måte

-          Godt å kome inn ein heim (seier internatbuarane)

-          Bibelgruppa kjem til å bli høgdepunkt i vekene

-          Vi har lært noko ut frå opplegget vi fulgte i kveld (Levende Tro Basic: Natanael)

-          Vi gleder oss til fortsettinga

 Bileta er frå mange ulike grupper.

Forrige
Forrige

Minecraft i klasserommet

Neste
Neste

Felles tannpuss