Minecraft i klasserommet

I engelsktimane i 1ST jobbar vi for tida med temaet "Netizens". Det handlar om positive og negative sider ved den digitale kvardagen vår. Kva er då meir naturleg enn å spele dataspel i timane?

På onsdag fekk klassen bruke det meste av blokkdagen til å spele Minecraft. Dette spelet krev samarbeid og kommunikasjon, som sjølvsagt gjekk føre seg berre på engelsk.

Initiativet til spelinga kom frå elevane, og dei tok sjølve ansvar for organisering og gjennomføring. Det var med andre ord ein motivert gjeng som sat ved skjermane, og praten flaut godt på engelsk under aktiviteten. Nokre blei òg gira på å snakke vidare på engelsk etterpå, og slikt gjer engelsklæraren glad!

Forrige
Forrige

Tilbake til normalen - koronatiltaka vert oppheva

Neste
Neste

Bibelgruppe er lærerikt og sosialt