Tilbake til normalen - koronatiltaka vert oppheva

Frå laurdag 25. september kl. 16.00 går vi over til ein normal kvardag med auka beredskap. Det er ikkje lenger nødvendig med kontaktreduserande tiltak i barnehagar og skular. Trafikklysmodellen kan berre vidareførast eller takast i bruk dersom den enkelte kommune meiner smittesituasjonen krev lokale tiltak.

Det har vore unntak frå fråversregelen der elevar som har fråver av helsegrunnar ikkje har trengt å gå til fastlege for å få dokumentert fråveret. Myndige elevar har kunna legge fram eigenerklæring, medan elevar under 18 år har fått stadfesting frå foreldre/internatleiar. Dette unntaket vert oppheva frå 11. oktober.

Les meir her

Forrige
Forrige

Vår nye skolesekretær

Neste
Neste

Minecraft i klasserommet