Bibelgruppeoppstart

Det var eit savn mot slutten av forrige skuleår, då korona begrensa bibelgruppesamlingane. Gleda var derfor stor då me på tysdag starta opp att med bibelgrupper her på Sygna.

Over 60 elevar melde seg på og vart inviterte heim til personalet til bibellesing, samtale og noko godt å bite i.

Vi høyrde med Ingrid Ladehaug om korleis det var å vere tilbake:
- Det var veldig koselegg å vere tilbake på bibelgruppe. Eg syns det er veldig kjekt at me kan samlast ein liten gjeng å setje fokus på bibelen og dele erfaringer og reflektere over bibelen i lag. Me kan lære veldig mykje av kvarandre og i tillegg får me veldig god kake og is :) Eg likar bibelgruppe fordi det både er kjekt og lærerikt!

JN

Forrige
Forrige

Møteveke med Simon Morris frå måndag 14. september

Neste
Neste

Kall til teneste - lik løn for alle