Kall til teneste - lik løn for alle

Med den korrekte meteren mellom kvar stol var rundt 60 elevar samla til Ung Messe 10. september. Dette var eit annleis torsdagsmøte i form av ei enkel gudsteneste med ulike liturgiske ledd.

Samlinga var eit samarbeid mellom Sygna og Den norske kyrkja. Elevar deltok med både bøner og skriftlesing, og eit nystifta lovsongsband drog i gang både salmar og lovsongar. Gjennom likninga om vingardsarbeidarane fekk sokneprest Kjetil Netland fram at alle kan vere med å tene i Guds rike og at vi får same løn, nemleg den løna Jesus fortente for dagsverket sitt på Langfredag. Ungdomsarbeidar Martin fortalte litt om korleis kallet eller tenesta hans vaks fram som ein «kombinasjon av det som er gøy og det som er viktig». Så vart kvar og ein oppfordra til å finne si teneste. Presten understreka at alle er kalla til å tene, ikkje for å vinne prestisje eller å få størst løn (for løna er den same for alle), men fordi vi er ein del av Guds Rike-fellesskapen.

Kvelden vart avslutta med nattverd, der vi fekk ta i mot brødet, forma som små myntar med den krossfeste Jesus på, som eit synleg bilde på løna Jesus betalte for oss.

MÅR

Forrige
Forrige

Bibelgruppeoppstart

Neste
Neste

Feltarbeid i Norges vakreste fjellområde?