Dans, buk-plystring og jodling - alt på ein kveld!
På lørdag oppdaga vi mange skjulte talent blant elevane og personalet på Sygna. Blant anna fekk vi sjå dans, sang, buk-plystring, trylling og jodling! Dommarane denne kvelden var Bjørg “the queen” Aase, Marit Beate “crazy” Kyrvestad og Frode “big boss” Bøthun. Det blei ein underhaldane kveld med mange bra innslag, men ingen kunne måle seg med Karen Berre sin sveitsiske jodling. Gratulerer!