Ei trygg og god russetid

Eit sikkert vårteikn på Sygna er synet av dei raude russebuksene og ungane som kjem for å spørje etter russekort. Som ein del av oppladinga til russetida har det den siste veka vore fleire samlingar som skal bidra til at våren blir noko alle kan sjå tilbake på med glede.

Politiet samla kullet for å snakke om nokre av utfordringane dei kunne møte i russetida. Politiet peika på at russen må følgje lovane og at brot vil få konsekvensar. Dei var innom tema som rus, seksuelle overgrep og promille.

Russen hadde og ei eiga digital samling om seksuelle overgrep med NOK, som er eit kompetansesenter mot seksuelle overgrep. NOK formidla mellom anna at dei fleste voldteker skjer på fest, at partane ofte er rusa, at det skjer ein stad der ein følte seg trygg og av nokon ein kjente. Elevane fekk og høyre historia til ei jente som hadde opplevd voldtekt i russetida, og kva ein kunne gjere om noko slikt skjer.

Gjennom ei digital samling med Trygg Trafikk fekk elevane eit brutalt møte med kor galt det kan gå i trafikken. Her fekk dei mellom anna møte ungdom som hadde vore i trafikkulykker, pårørande som hadde mist borna sine, redningsarbeidarar som kom først til skadestad og ein prest som måtte gje dødsbodskap når ein ungdom ikkje kom heim etter ein køyretur.

Felles for alle samlingane var at kvar ungdom må sette sine eigne grenser. Desse grensene er det ingen som skal krenke. Ingen skal heller krenke andre sine grenser. Så må russen ta vare på seg sjølv og kvarandre i den russetida dei no har framfør seg.

Vi ønskjer tredjeklassingane våre ei god og trygg russetid!

FKH

Forrige
Forrige

To elevar laga tapaskveld saman med kokken

Neste
Neste

Dans, buk-plystring og jodling - alt på ein kveld!