To elevar laga tapaskveld saman med kokken

Frå klokka 11.00 og fram til kveldsmat stod Synne og Helene på kjøkkenet og laga tapas til elevane. I fjor var dei begge med på laudagsarrangementet masterchef der dei fekk lage mange ulike asiatiske matrettar og kaker. Dei var ikkje seine å be då kokken Are spurte om dei kunne tenke seg å vere med på kjøkkenet ein dag og lage noko godt til elevflokken. Dei er begge fascinert over alt det geniale og effektive kjøkkenutstyret og tykkjer det er veldig kjekt å lage så mykje mat når dei har tilgang til alt dei treng.

Det vart god stemning i matsalen då elevane kom inn og fekk sjå all den gode maten. Synne og Helene hadde laga spanske kjøttbollar, patatas bravas, spansk tortilla, quesadilla med chorizo, kylling satay med peanøttsaus, focaccia, hummus, aioli, salsa og fruktsalat.

Tusen takk for ein triveleg kveld med mykje god mat!!

Forrige
Forrige

Møteuke med Magni!

Neste
Neste

Ei trygg og god russetid