Den som står lengst, vinner
På lørdag arrangerte miljøteamet ein konkurranse der alle konkurrerte mot alle. Det einaste elevane visste før dei kom var at det handlar om viljestyrke, for i denne konkurransen handlar det om å stå lengst. I golvet var det merka opp mange små firkanter, og kvar elev fekk kvar sin firkant. Ettersom tida gjekk fekk elevane ulike utfordringer som å stå på eit bein, holde ein stol, stå i 90 grader, sjå video utan å le m.m. I tillegg måtte dei drikke eit glas vatn kvart 15min. Elevane gjekk ut av konkurransen dersom nokon trakka på streken, ikkje klarte å gjennomføre utfordringane undervegs eller måtte for mykje på do. Etter svimlande 4 timar var det to stykk som stod igjen, og dei valgte å dele sigeren. Så gratulerer til Sigrid (2ST) og Eivind (3ST)!!!