Jørn Heggestad tilsett som undervisningsinspektør
Det er ei stor glede å melde at Jørn Heggestad vert undervisningsinspektør på Sygna frå 1. august 2021.
Jørn er i dag rektor på Ryenberget skole i Oslo, men frå hausten gjer han og kona, Anne Kari, balestrendingar av seg.
Både Jørn og Anne Kari er godt kjende med Sygna og Balestrand, då dei var elevar her på 90-talet (russ 94). No flyttar dei altså tilbake - og Jørn skal bidra med sin store kompetanse inn i leiinga på skulen.
Frode Kleppe Holgersen, som vikarierer i stillinga, går etter eige ønskje tilbake til stillinga som lærar frå same dato.