Ulstein: Det er ungdommane som gir håp

Heilt på slutten av skuleåret fekk vi besøk av utviklingsminister, Dag Inge Ulstein. I ein fullsett møtesal fortalde han om arbeidet han leier i utanriksdepartementet - og la vekt på dei mange gløymde krisene i verda. Det er mange døme. Ulstein trekte spesielt fram situasjonen for Rohingya-folket i Myanmar - eit av verdas mest forfølgde folk - og situasjonen i fleire byar i India, der det er eit kraftig underskot av jenter. I nokre byar vert det knapt fødd jenter - samtidig døyr og “forsvinn” det tusenvis av jenter kvart år. Kva kan vere grunnen?

Ulstein peikte i ein spesiell retning når han snakka om håp: Ungdommen. Sjølv om mange gjer mykje for å betre livsvilkåra til forfølgde og fattige menneske rundt om i verda, fortalde Ulstein at det særleg er dei mange møta han har hatt med ungdom som gir han håp. Han oppfordra samtidig Sygna-ungdomen til å halde fram engasjementet som dei viser for misjonsprosjektet også seinare i livet. Kanskje kan utdanningsval og andre val ein gjer i livet påverke andre menneske sine liv på ein positiv måte?

Utviklingsministar, Dag Inge Ulstein er mektig imponert over Sygnarussen sitt misjonsprosjekt, som dei prosjektansvarlege Tomine Saltnes og Anders Myrene har stått i spissen for.

Etter det korte foredraget utfordra Ulstein til ein “spin-off” av Mesternes Mester, nemleg Mesternes Minister-Mester. Sara, Marit Beathe og Sygna-mester, Martin stilte villig opp - og kjempa tappert i krevjande og smertefulle øvingar som verkeleg skilte klinten frå kveiten. Kva som vart resultatet? Vel, ministaren er framleis ministar…men måtte gi tapt for Sygna-mesteren, Martin. Han måtte forsåvidt gi tapt for Sara og Marit Beathe også, men han skal ha for fantastisk innsats…

Ser bra ut…

…ser ikkje fullt så bra ut.

90-graderen er tøff.

Forrige
Forrige

Oppturen held fram - har passert 700 000

Neste
Neste

Vi må yte før vi kan nyte