Oppturen held fram - har passert 700 000

Det var ein stolt russ som kunne avsløre resultatet av årets misjonsprosjekt på avslutningsfesten laurdag 5. juni: kr. 649 000,-. Vi som fekk vite resultatet vart mektig imponert! I eit år med mange restriksjonar og avlyste arrangement, klarte russen likevel å passere målet sitt med nesten 50 000 kroner!

I dagane etter avslutningsfesten held denne oppturen berre fram - for pengane til prosjektet held fram med å kome inn - og no er summen oppe i 701 769 kroner.

Vi gratulerer med ein super innsats og eit fantastisk resultat!

Forrige
Forrige

Hagefest

Neste
Neste

Ulstein: Det er ungdommane som gir håp