Elevundersøkinga

I tidsrommet 19. - 23. november gjennomfører Sygna Elevundersøkinga i alle klassar på skulen.

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga.

Det er frivillig for elevane å delta, men vi oppfordrar flest mogeleg til å delta, då informasjonen frå undersøkinga er viktig i skulen sitt arbeid med eit godt og trygt læringsmiljø.

Meir informasjon til elevane her

Meir informasjon til foreldre her

Elevundersøkinga hjelper skulane til å få informasjon om korleis elevane opplever miljøet og kvaliteten på undervisinga.

Forrige
Forrige

Ny promo-video

Neste
Neste

Kunstprosjekt med store dimensjonar