Kunstprosjekt med store dimensjonar

KDA-elevane er godt i gang med eit prosjekt av det store slaget: Dei skal lage eit 16 meter langt veggmåleri på ytterveggen til Balholm AS sine lokale i det gamle fruktlageret i Villavegen.

Allereie før sommaren vart Sygna kontakta av Balholm AS, med spørsmål om KDA-elevane kunne ta på seg oppdraget. Dei takka ja til denne sjansen til å verkeleg setje spor etter seg i bygda, og no har dei jobba ivrig i over ein månad med å utvikle ulike skisser som oppdragsgjevaren kan velje mellom.

Fruktdrikkeprodusenten ønskte naturleg nok å ha frukt som hovudelement, og satsa på elevane sin kreativitet for å få ein spennande vri på dette. Det er ikkje enkelt å kombinere 10-12 ulike idear på eitt bilete, så det kravde eit stort arbeid å kome fram til dei endelege forslaga. Skissene viser ei ironisk og humoristisk stilisering av Balholm sin aktivitet, og frukt blei eit godt utgangspunkt for fargerike og spennande komposisjonar.

På bileta ser vi skissene som elevane har laga og sendt til oppdragsgjevaren. Når bedrifta har valt ut vinnarframlegget, kjem den store jobben med å overføre skissa til veggen, så prosjektet vil halde kunstnarane våre i sving ei god stund til. Vi gler oss til å følgje med på prosessen vidare, og til å sjå det endelege resultatet.

Du kan lese denne - og fleire saker i Sygnabladet som er på veg ut i postkassane til dei som abonnerer. Dersom du ønskjer å få Sygnabladet tilsendt, kontaktar du skulen på e-post: sygna@sygna.vgs.no eller på telefon 57 69 45 00. Abonnementet er gratis.

Du kan og lese Sygnabladet her.

Forrige
Forrige

Elevundersøkinga

Neste
Neste

Kos og drøs i skogen