Foreldrehelg

I helga kom fleire av elevanes føresette innom Sygna. Laurdagens program var fullt frå morgon til kveld. Det var fleire ulike samlingar, mykje god mat og opplegg som russen stod for.

Det var blant anna ei fellessamling i Belehalli for både elevar og føresette. Her var det Solveig Bartun Rob som heldt ein fin andakt, og seinare i samlinga heldt ho også eit lærerikt og interessant foredrag om Livsmestring. Rektor kom også med ei helsing og russen fekk presentert russeprosjektet sitt som i år går ut på å samle inn pengar til NLM sitt arbeid i Etiopia.

Russen hadde også som nemnt mykje opplegg denne laurdagen for å samle inn meir pengar til prosjektet sitt. De hadde stått på mykje i førekant av denne helga og samla inn mange loppar. Disse sette dei opp i eit midlertidig loppemarknad i gymsalen. Her kunne føresette, elevar og tilsette stikke innom i løpet av dagen og kjøpe seg noko fint.

Seinare på kvelden, etter et nydeleg måltid med lasagne, var det tid for basar. Også i regi av russen. Her var det mogleg å vinne mykje fine premiar.

Forrige
Forrige

Hospitantar sjekkar ut Sygna

Neste
Neste

Les det nyaste Sygnabladet her