Hospitantar sjekkar ut Sygna

Ein stor, flott gjeng på 43 tiandeklassingar besøkte Sygna måndag og tysdag denne veka. Alle hadde på førehand valt eit utdanningsprogram, og desse dagane fekk dei fylgje klassane si undervisning. På denne måten håper vi dei kan danne seg eit bilete av kva utdanningsprogrammet inneheld av fag og dermed få sjekke ut om dette kan vere noko for dei å satse på.

Elevane våre var flotte fadrar for hospitantane og gjennom leik og moro etter skuletid vart dei godt kjende med kvarandre.

Evalueringa viste at dei hadde kost seg og mange gav uttrykk for at dei hadde blitt sikrare på at Sygna er skulen for dei.

Vi takkar for besøket og håper å sjå alle saman igjen hausten 2022.

Forrige
Forrige

Tur til Stadt med 3ID

Neste
Neste

Foreldrehelg